Sæbø Camping ligg i Øvre Eidfjord, 300 m frå RV7, den raskaste og vakraste vegen mellom Bergen og Oslo. Øvre Eidfjord er den siste bebyggelsen før stigninga opp til Hardangervidda, Måbødalen med den berømte Vøringfossen. Sæbø Camping ligg i rolege …og naturvakre omgivelsar ved breidda av Eidfjordvatnet. Laks- og aureelva Bjoreio renn forbi. Kapasitet: 16 Hytter (4-8 senger) 100 Plassar for telt, bubilar og campingvogner. 60 Strømuttak. Sanitæranlegget er nytt og av god standard. Her finn de: · Resepsjon og kiosk - Kvar morgon ferske rundstykker · Toaletter · Vaskerom med varmt og kaldt vatn, strømuttak. · Varme dusjar. · Handicaptoalett og dusj. · Familiebaderom og stellerom. · Vaskerom med vaskemaskin og tørketrommel.. · Oppvaskrom med varmt vatn. · Campingkjøkken med kokemoglegheiter. · Tømmerom for campingtolett og avfallsvatn. · Drikkevatn for bubilar. Me leiger ut båtar , kanoar og kajakkar for fiske- og utflukter på Eidfjordvatnet.. Fiskekort for Eidfjordvatnet, Bjoreio og Veig. For våre minste gjester har me ein godt utrusta leikeplass. Prisar hytter: Hytte, 16m2 med 4 senger, sofa, bord og stolar, kjøleskap og kokeplate. Terrasse. NOK 400,- Hytte, 25m2 med utstyrt kjøkken , soverom med 4 senger, vaskerom med varmt vatn, dobbel sovesofa i stova, terrasse. NOK 570,- Ny Hytte, 26 m2 med utstyrt kjøkken, dusj, toalett, 4 soveplassar. Stor terrasse med utsikt over Eidfjordvatnet. Høg standard. NOK 800,- Ny Hytte, 33 m2 med utstyrt kjøkken, dusj, toalett og 6 soveplassar. 2 soverom. Stor terrasse med utsikt over Eidfjordvatnet. Høg standard NOK 960,- Utafor campingplassen: Campinghus med 4 soverom (8 senger), utstyrt kjøkken, stove, baderom med dusj og WC. NOK 940 ,- Hytte med 2 senger og dobbel sovesofa, utstyrt kjøkken, dusj og WC NOK 540,- Camping: Bil og telt / Bobil / Caravan NOK 130,- Vaksne NOK 20,- Barn (4-12) NOK 10,- Strømuttak NOK 30,- I gangavstand frå Sæbø Camping ligg Hardangervidda natursenter, eit opplevingssenter som presenterer Hardangervidda på ein ny og spennande måte. På senteret fins og turistinformasjon og den etter kvart kjende restauranten Hardangerviddahallen - førsteklasses mat. Like ved ligg også FlatEarth aktivitetssenter, Hardangers største all round outdoor aktivitetsselskap. Her tilbys bl.a. bre-ekspedisjonar, kajakk- og klatrekurs, power kiting og bueskyting. Aktivitetar for heile familien frå nygebynnar til erfaren utøvar. Åpent alle dagar i sesongen: 1/7 – 1/ 9. I Eidfjord (7km) fins det fleire forretningar, bank, post, hotell, kafear og ein godt utbygd turistinformasjon. Øvre Eidfjord er den siste busetnaden før oppstiginga til Hardangervidda, Europas største høgfjellsplatå, og er eit godt utgangspunkt for fjellturar. For ytterlegare informasjon er du alltid velkomen i resepsjonen på Sæbø camping eller til å ta ein telefon. ATTRAKSJONAR : HARDANGERVIDDA NATURSENTER Hardangervidda natursenter er eit levande, fargerikt opplevingssentum med utstillingar, uvanlege aquarier i tillegg til ein Ivo Caprino supervideograf. Senteret formidlar vitskap og oppleving med utgangspunkt i natur og kultur på Hardangervidda og i Eidfjord. Senteret har 700 m2 utstillingsaral . MÅBØDALEN KULTURLANDSKAPSMUSEUM Viser ferdselårene gjennom den ville og vakre Måbødalen, frå dei opprinnelege Måbøgardane, ein kløv og gangsti med 1500 trappetrinn og 125 svingar, via den gamle bilvegen som no er tilrettelagt som gang- og sykkelveg. Den moderne vegen er hovudsakleg lagt i tunnel. Vegane er godt utrusta med rasteplassar. Dersom ein vil sjå dalen frå tilskodarplass, kan ein ta turen frå Måbø til platået over Vøringfossen med Trolltoget, som er ein attraksjon i seg sjølv. MÅBØ GARD er ein del av kulturlandskapmuseet og ligg ved nedre endestasjonen til Trolltoget. Omvising med guide. VØRINGFOSSEN Norges mest kjende foss. Fallhøgd på 182 m. Ein kan gå til fots frå riksveg 7 til Vøringfossen. SIMA KRAFTVERK Eit av dei største vasskraftverka i Europa. Kraftverkhallen ligg 700m inn i fjellet og er 200 m lang, 20m brei og 40 m høg. Guida omvisingar. SYSENDAMMEN Ein av dei største steindammane i Norge. Dammen ligg attmed Rv7 , og er lett å sjå frå vegen. Informasjon og parkeringplass ved dammen. HJØLMODALEN. Ta av frå Rv7 i Øvre Eidfjord i retning Hjølmo. Den doble Vedalsfossen ligg ca 4 km frå Øvre Eidfjord. Den bratte vegen går vidare til Hjølmoberget, eit godt utgangspunkt for korte og lange fjellturar. Til dømes er det ein times gange til den vakre Valursfossen, med ein fallhøgd på 272m. Besøk også Hjølmotunet (gamal busetnad) og Åsdalen kafe. DEN GAMLE STEINKYRKJA I EIDFJORD er bygd i 1309 KJEÅSEN. Fjellgard 600m over fjorden. Tursti (1 1/2 t) , bilveg og bussforbindelse. HARDANGERJØKULEN ISBRE Kan sjåast frå fleire stader på Rv7, til dømes frå Sysendammen. Også turar med breførar frå mellom anna Finse. HARDANGERVIDDA NASJONALPARK Nord-Europas største høgfjellsplatå og Norges største nasjonalpark. Eit nett av merka turstiar mellom betjente og sjølvbetjente turisthytter.
Campingplasskategori:
Størrelsen på nettstedet: 7 ha (Grunnforhold: Gress)
Totalt antall plasser: 110
Antall turistplasser: 110
Bobilplasser foran portene: Ikke tilgjengelig
Stoppeplasser foran portene også for campingvogner: Ikke tilgjengelig